hemingway's biography
Den nordamerikanske forfattaren Ernest Hemingway (1899-1961) debuterte i 1923 med novellesamlinga In our time. Hemingway, skapar av verdskjente romanar og noveller, er ein myteomspunnen diktar. Han var gift tre gongar og mange år med høgt alkoholkonsum var med på å svekke helsa. Livet til Hemingway enda tragisk og på same måte som sin far; han skaut seg. Nobelprisvinnaren i litteratur 1954 levde eit dramatisk liv. Som journalist og friviljug deltok han i tre krigar: Den første verdskrigen, spanske borgarkrigen i 1930-åra og andre verdskrigen. Trass i eller på grunn av sår både på lekam og sjel av krigen skapte han litteratur verda aldri vil gløyme. Han tenestegjorde som frivillig ambulansesjåfør under den første verdskrigen, og vart alvorlig såra ved fronten i Italia då han var 18 år gamal. Ved krigen sin slutt blei han journalist for ei kanadisk avis. I starten av 1920-åra slo Hemingway seg ned i Paris, no skulle han bli forfattar. Det er kanskje nettopp i novellene kunstnaren når høgast. Diktinga er særmerkt med den knappe, tilsynelatande nøytrale og kjenslelause stilen som vart ”Papa” sitt kjennemerke. Han har påverka mange yngre forfattarar. Hemingway vart berømt så og seie over natta, også i Europa, med romanen The Sun Also Rises (1926, filmatisert 1957; norsk oversetting Og solen går sin gang). Den handlar om ei gruppe desillusjonerte menneske, alle meir eller mindre merka av krigen, som driv utan mål og meining omkring i Paris og dreg til ein tyrefektarfestival i Spania. Boka, som er ei av de mest velkjente skildringane av den sokalla fortapte generasjon, låg nært opp til verkelegheita. Tittelen til romanen er henta frå Forkynnaren i Bibelen og symboliserer runddansen menneska ikkje kom ut av etter verda si største katastrofe (første verdskrigen). Krigsromanen som følgde, A Farewell to Arms (1929, filmatisert 1932 og 1957; norsk oversetting Farvel til våpnene), bygde på kva han sjølv opplevde ved den italienske fronten. Romanen For Whom the Bell Tolls (1940, filmatisert 1943; norsk oversetting Klokkene ringer for deg) tok sitt stoff frå borgarkrigen i Spania, der Hemingway var korrespondent, som han også var under verdskrigen som følgde. Også som skribent gjorde han seg sterkt gjeldande med sitt særpreg og sin framifrå stil. Hemingway kom sterkt attende med The Old Man and the Sea (1952, filmatisert 1958; norsk oversetting Den gamle mannen og havet), som vart den direkte grunnen til Nobelprisen. Diktaren krinsa under heile sin forfattarskap omkring tilhøvet til faren, som han aldri kunne tilgje for å ha skote seg sjølv. Til slutt blei det altså slik at også Ernest Hemingway tok sitt eige liv, etter fleire år med dårleg helse. Som Hemingway sitt litterære førebilete må russaren Leo Tolstoj nemnast. Han var sterkt påverka av denne meistaren sine tekstar. Hemingway er teken fram som ein av dei fremste fiksjonsforfattarane i det 20.århundre frå det nordamerikanske kontinent. Ja, han er til og med skildra som ein av USA sine største litterære figurar. Grunngjevinga for dette er ei framifrå, elegant forteljarrøyst og stilistiske ynde. Han skreiv med sansane; stolte på den nakne sanninga og den tilnærma lakoniske dialogen. Stilen til Hemingway er ofte blitt samanlikna med den i dei islandske sagaene: tett og knapp. Han skreiv på mange måtar sitt liv.